Vi vektlegg å legga til rette for gode arbeidsmiljø, og med samarbeid på mange plan.
Målet har alltid vore å sikra eit levedyktig og tryggt miljø for alle - innklusive dei besøkjande.
Det som no vert kalla Fagerthun-huset, vart sett opp av Byggmester Hans Bjørnen i 1922. Bygget er no det eldste gjenståande husrekka sør for sentrumsgata Øyro i Os sentrum.
Bygget som stod der før 1922 - Tøsdalbygget - brann ned i 1919.
Første etasje byrja som kafe (Matstova), men da det tilsvarande tilbygget i mur vart sett opp i 1937 av familien Valle, vart 1. etg butikklokaler, medan Matstova vart flytta opp i 2 etg .
3. etasjen har for det meste vore nytta til boligformål fram til 1970-åra, Då byrja gull og sølvproduksjons-verksemda Fagerthun Design med verkstad og produksjon der. Drifta vaks ut av lokala på slutten av 1980-talet, og i 1989 flytta produksjonen opp i eigne produksjonslokaler i Industrivegen 53 i Kolskogen.
Første byggetrinn.
Midten på 1920-talet, og ein skimtar Fagethun-huset nederst. I bakgrunnen ser ein Os Stasjon med vognhallen og Os kai. Bakenfor skimtar ein "Moberg-svingen", og Kuhnle Ferieheim.
Vinterdag på Øyro midt på 1920-talet.
M.K. Olsen midt i, og bildet viser tydleg at det 1. byggetrinn på Fagerthunbygget (til høgre). Til venstre dei gamle Tøsdalnausta der bankbygget no står.
Bildet er fra 1927, og første byggetrinn frå Fagerthun-huset er ringa inn i gult.
I 1937 vart det andre byggetrinn i mur satt opp (til høgre for midten).
Utført i samme nygotiske stil som det opprinnelige trebygget til venstre.
Andre byggetrinn.
Desse to bilda er frå midten av 1950 talet.
No er mykje endra, der bl.a. Forbruksforeningen, Bergen Privatbank, og Dragesetbygget no rammar inn torget ilag med Fagerthunbygget.
Tredje byggetrinn.
Starten på Brugata frå midten av 1950-talet.
Lepsøe-bygget i raudt midt på bildet, og Fagerthun-bygget med tårnet i gult.
I 1981 vart det bygd eit nytt tilbygg mot sør långs med Brugata Arkitektane endte opp med eit vertikaltdelt bygg satt opp i ilag, og i samarbeid med Lepsøe Fiskematforretning.
I 2024 utvida driftige Osøyro Kolonial konseptet sitt med Osøyro Bakeri.
Kjær tilkomst til Øyro, og dei nyttar no heile grunnflata i 1. etg. i bygningsmassen frå 1922 og 1937.
I eit litt vidare perspektiv syner bilda under korleis Os sentrum utvikla seg frå 1800-talet og fram til idag.
Ca 1896
Ca 1939
Ca 2018
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
INDUSTRIVEGEN 53 - satt opp i 1989.
Kort historie for industribygget i Industrivegen 53, men har si historie frå oppstart i 3. etg. i Fagerhun-bygget på Osøyro.
Tomta vart kjøpt hjå Bjarne Drageset i 1987, og bygget stod klart for innflytting i 1989. Driftsselskapet Fagerthun Design AS (FD) stod for planlegging og finansiering, og bygget vart tilrettelagt for smykkeproduksjon av gull og sølv.
På det meste (i 1995) utgjorde arbeidstaben i FD 19 årsverk.
Smykkeproduksjonen og produkta vart kjøpt av andre store aktørar i gullsmedbransjen i 1999, deriblant bunadsølvprodusenten Sylvsmidja på Voss. Anders vart med på lasset, og sidan har Sylvsmidja hyra inn Anders og hans bunadsølvkompetanse i fleire periodar.
Idag (2024) er store deler av bygget leid ut til firma R&B Scooter (scooter.no) slik bildet under viser.
Ca 1938-39
Ca 2018
Vi som driv og eig husa idag, er 2. og 3. generasjon etter urmakar Bjarne Fagerthun.
Etter å ha arva ein part frå mora Ingeborg Valle Fagerthun, overtok Bjarne gradvis bygget på Os gjennom Ur- og Gullsmedbutikken i 1. etg.
Anders tok steget vidare og flytta produksjonen til Industrivegen 53 i Kolskogen.
Pr. 2024 driv Fagerbygg AS med utleige, samt sal av tjenestar.
Anders Fagerthun
Produktutvikler og styreformann.
Tlf. :
Tony Andre Fagerthun
Siviløkonom og styremedlem.
Tlf. :
47414352
Du er fri til å kontakta oss på tlf. /sms, eller registrera deg på mail fagerbyggas@gmail.com. Alle henvendelser må registrerast skriftelig, så vi set pris på ein innleiande mail om kva ein driv med, og kva ein har behov for.
Du er fri til å kontakta oss på tlf. /sms, eller registrera deg på mail nedanfor. Alle henvendelser må registrerast skriftelig, så vi set pris på ein innleiande mail om kva ein driv med, og kva ein har behov for.